Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

Tur til Bjerkely i DELK sitt samarbeidsråd

I slutten av mars var Jan Hetland, Anfinn Valand, Tage Emil Djøseland og Olaf Engestøl på DELK sitt samarbeidsråd. Her trefte me representantar frå dei andre kyrkjelydane i DELK og diskuterte misjon, kyrkjelydsplanting, eldstetenesta og DELK sitt verdidokument. Samarbeidsrådet er eit organ som uttaler seg, slik at hovudstyret kan ta det til orientering. Det var ei innhaldsrik og viktig helg, og me reiste heim oppmuntra og med takksemd for å få høyra til denne kyrkjefamilien.