Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

Stor dag for Dalane og Jæren kyrkjelyd

Det var ein spesiell sundag 16.03 då Tage Emil Djøseland vart sett inn som ny prest for Dalane og Jæren kyrkjelydar på Egersund bedehus. Det kom godt med folk frå begge, og det var ei fin innsetting ved tilsynsmannen. Alle generasjonar var representerte til stor glede. Etter gudstenesta var det helsingar til på og avtroppande prest. Det vart gjeve fine blomar og oppmuntringar til begge, og kloke ord om kva som må vera i fokus for ein prest. Olaf Engestøl vart takka spesielt av for tenesta si og ynskja lukke til i ny teneste som administrasjonleiar i DELK. Dalane kyrkjelyd hadde bestilt inn pizza til 70 mann, og det var ingen «kjære mor» når blautkakene vart sette fram med anna. Stor takk til tilretteleggarar og andre tenestevillige, og til alle som tok turen frå fjernt og nært for å samlast om Kristus og denne spesielle dagen. Sjølve ordinasjonen for Tage Emil Djøseland vil vera i september. Me vil avslutta med eit skriftord som kom med i både tale og helsing:

For alle Guds lovnader har fått sitt ja i han. Difor seier vi òg ved han vårt amen, Gud til ære.

Varme helsingar frå Dalane og Jæren kyrkjelydar