Det var fint å samlast til gudstenestefeiring på palmesundag. Borna bidrog med å bera inn palmegreiner, og me fekk brukt vårt nye prosesjonskors for fyrste gong. Det er laga av Kjell Børge Tjemsland, stor takk til han for flott arbeid! Jesus kom audmjuk ridande inn på ein eselfole til Jerusalem og vart hylla som konge. Påsketida er ei av dei store høgtidene i kyrkja. Her minnest me og feirer Jesu liing, død og oppstode for oss. Med ynskje om ei velsigna påskehøgtid.