Etter at vi til jubileet i fjor presenterte to vinnere av salmekonkurranse, har vi nå lyst til å løfte fram to sterke og gode påskesalmer som fikk hederlig omtale av juryen. Vi håper menighetene vil ta dem i bruk og sette pris på dem.
Kva gjer du ven
Olav Mosdøl (f. 1937)
- Fra Bykle, bosatt i Kviteseid i Telemark.
-
Lyriker og forfatter, tidligere lærer og rektor ved Kvitsund gymnas. Aktiv kommunepolitiker gjennom mange år.
T: Olav Mosdøl
1. Kva gjer du ven når det mot kvelden stundar
og tankepilene når målet sitt,
går du som Judas inn i mørke lundar
og sel din ven for sylvet som vart ditt?
2. Kva gjer du ven når hanen gjel i otta
og sviket kløyver gjennom von og tru,
let du som Peter meisteren bli spotta
og vinglar i langfredags gråt og gru?
3. Kva gjer du ven når dagen går på tverke
og uvissa tek bort den gode fred,
legg du som Tomas hand i sår og merke
og byter tvil med tru på bøygde kne?
4. Kva gjer du ven når påskesola lyser
og smeltar isen i ditt tunge sinn,
kan du som Magdalena håpet hyse
og helse høgt i glede: Frelsar min!
Sjå krossen
Kristin Reitan (f. 1953)
- Fra Sunndal på Nordmøre.
- Utdannet lærer, har vært misjonær i Peru, jobbet for NLM Ung i kretsen, og med voksenopplæring for fremmedspråklige.
Anna Mette Klyve (f. 1976)
- Oppvokst i Ålvundfjord på Nordmøre.
- Utdannet lærer, misjonær i Kenya, studerer nå sjelesorg.
T: Kristin Reitan
M: Anna Mette Hals Klyve
1. Sjå krossen som lyser mot ei verd full av sår.
Sjå den lidande Sonen og den kjærleik vi får.
Han kjem nær, han er frelse, han er her, han er Gud.
Han som bur i det høge, og hos den som er knust.
2. Sjå krossen, sjå såra, som han bar på sin kropp.
Sjå den kjærlege Sonen som med siger stod opp.
Han kjem nær, han er frelse, han er her, han er Gud.
Han, den heilage, reine, han steig ned og vart knust.
3. Sjå krossen som lyser mot mi skuld, mine sår.
Sjå, han gav det han krev, han er frelsaren vår.
Han kjem nær, han er frelse, han er her, han er Gud.
Han steig ned til det låge, og for meg var han knust.
4. Sjå krossen som lyser som ei sol i sin glød.
Sjå den sigrande Sonen som gav alt ved sin død.
Han kjem nær, han er frelse, han er her, han er Gud.
Han er kjærleik og balsam til ei verd som er knust.